Stålis på Helsetvatnet

Søndag var det nesten like livfullt oppe på det islagde Helsetvatnet som under. Skøyteisen var av beste klasse.
Ein flott vinterdag i 5-6 minusgrader lokka unge og eldre til Helsetvatnet søndag og til ein skøytetur på stålis. Det var lite av Ivar Ballangrud sin modell, men kunstløpsskøyter nytta mange seg av. Og forholda, ja det var nær Davos-is, kanskje nesten som Alma Ata.
Isen på Helsetvatnet vart målt til 25. cm. søndag. Det var trygge forhold, meinte grunneigar Jørgen Helset sjølv om han ikkje garanterte noko. Alle går på eige ansvar og bør ta hensyn til bekkar og oppkome nær land.
Rundt 40 unge og eldre myldra rundt og hadde det moro på isen. Og litt artig var det å prøve seg som isfiskar også tykte Kristen Brenne Ringdal som hadde mange spente rundt seg.
Verutsiktene for dei neste dagne tyder på at det kan bli fleire flotte opplevingar på stålisen på Helsetvatnet.