LokalnyttLokalsport

Sunnylven IL tok fire KM-medaljer.

Gode i KM langrenn, frå venstre; Kristine, Kasper, Inger, Johanne, Anniken, Lone. (Foto: Jostein Ringdal)
Gode i KM langrenn, frå venstre; Kristine, Kasper, Inger, Johanne, Anniken, Lone. (Foto: Jostein Ringdal)

To gull, sølv og bronse var fangsten under KM i fri teknikk på Bondalseidet der Hovdebygda IL var arrangør. Kristine Hjellbakk Hole og Anniken Hjellbakk Hole tok begge gull.

Deltakarane frå Sunnylven IL gjorde eit sterkt meisterskap i langrenn laurdag. Det heldt på å bli historisk bra gullfangst, men eitt fattig sekund hindra klubben i å få den tredje gullmedalja. Inger Ringdal Sæter i jenter 16 år tapte med minst mogleg margin, med eitt sekund, så dermed vart det sølvmedalje med litt «gullfarge».  Også Kasper Ringdal i G15 gjekk ein god fem kilometer og vart belønna med si fyrste KM-medalje i langrenn i bronse.

I jenter 14 år var Kristine Hjellbakk Hole suveren denne gongen. Tidsavstanden til 2. og 3. plass var på 1.45 og 2.00 minutt. KM-tittel vart det også på Anniken Hjellbakk Hole. Ho var einaste deltakar i kvinner senior, men sluttida var god. 12.43 var på sekundet lik med toar i jenter 18 år Sigrid Ertesvåg Jakobsen, Emblem IL. Klubbveninna Ingrid Nerem vann J18 på 12.28.

Johanne Ringdal Sæter deltok i J13 og fekk 6. plass, medan Lone Ringdal i J11 deltok utan for KM-konkurransen og vart nr. tre.

Meisterskapen ved Ørsta skisenter på Bondalseidet hadde få deltakarar, berre vel 70 i KM-klassane. Spesielt Nordmøre glimra med sitt fråver denne gongen og det er synd. Kanskje er det dei snøfattige vintrane som gjev seg utslag i ferre deltakarar, eller blir reisa for lang for eitt KM-renn?. For ti-femten år tilbake var deltakartalet nesten dobbelt så mange.

Resultat:

http://content.bloc.net/files/1475/af19acd165a8465ab2d9bf64317388df635891664469905352.pdf

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380