Lokalnytt

Utetimar på isen

Mellomsteget 1

Onsdag 13. januar hadde mellomsteget ved Sunnylven skule uteaktivitetar. Samlingsstad var det islagte Helsetvatnet.

I nær tre timar var 21 elevar saman med to lærarar, Arne Ringdal og Magnar Tufte Tyssen samla til fartsfylt aktivitet på Helsetvatnet onsdag. Isflata var trygg, men også glatt så det vart både knall og fall utan at det gjorde noko skade.

Vi såg ingen Ballangrud-modell, alle gjekk på hockey-skøyter og det passa bra til aktivitetane som det var lagt opp til. Dei 21 elevane var delt i to puljer, den eine lærte seg svingteknikk på skøyter medan den andre gruppa spela hockeykamp. Men fyrst var det stafett som oppvarming.

Om det vart vinnarar eller taparar på Helsetvatnet tvilar vi på. Det såg ut for at alle hadde det moro, at det var flott med utetimar i tre minus.

Mellomsteget 2

Mellomsteget 3

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380