WBR under Hellesyltdagane

Inn for landing etter basehopp frå Helsetkopen. (Bilete frå arkivet 2013)

Inn for landing etter basehopp frå Helsetkopen. (Bilete frå arkivet 2013)

World Base Race er tilbake i Helsetkopen under Hellesyltdagane 2016. Det bekreftar basehoppar Cato Nordbakk hos arrangøren.

-Det har vel blitt tradisjon med basehopping under Sommardagane på Hellesylt, så vi håper å kunne arrangere WBR same helg og same stad også i år, seier Cato Nordbakk, opphaveleg frå Dyrkorn i Stordal. Det blir treningshopping frå Helsetkopen torsdag 7. juli, kvalifisering og finale fredag 8. og laurdag 9. juli.

X2 Festivalen

Før det er det X2 Festival med XBase (fjellflyging) frå det 1246 meter høge fjellet midt i Sunnylvsbygda. Finalehoppinga vil foregå 16. april, same dag som det blir arrangert XCreek, konkurranse i Bygdaelva i Steimsåsane.

Meir luftsport

X2 Festival har også planlagt fleire konkurransar i Hellesylt. Fallskjermhopping, eller «Skydiving Boogie» blir i år lagt til Hellesylt i Stranda kommune. Og X2 Festivalen gjentar fjorårets suksess med speedflying heli-boogie – i år på fjell på Hellesylt.

-Nytt for årets speedflying-program er at vi arrangerer en ekstra dag med “hike and fly” på en av toppene. Hvilken dag og hvilket fjell det blir kommer vi fram til etter vær- og vindmeldingene. Her vil vi velge et fjell som alle kan kjenne seg trygge å ta av fra, uavhengig av erfaringsnivå. Når vi alle har landa trygt, tar vi turen til festivalområdet og lader opp til kvelden med noe godt i glasset. På denne turen er det krav om at piloten har gyldig SPG 2-lisens -, skriv X2 Festivalen på si Facebookside.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380