LokalnyttLokalsport

Årsmøte i Sunnylven Idrottslag

Per Kjell Leite t.v. har i 25 år vore med i ulike leiarverv i Sunnylven Idrottslag. På årsmøtet nyleg fekk han gode takkeord og gåver frå laget, overrekt av leiar Jens Vik.
Per Kjell Leite t.v. har i 25 år vore med i ulike leiarverv i Sunnylven Idrottslag. På årsmøtet nyleg fekk han gode takkeord og gåver frå laget, overrekt av leiar Jens Vik.

Jens Vik fekk samrøystes fornya tillit som leiar i Sunnylven Idrottslag då laget heldt sitt årsmøte denne veka. Laget har hatt brei og god aktivitet også i 2015 og gjekk i pluss økonomisk.

På eit heller dårleg besøkt årsmøte i Sunnylven Idrottslag vart det lagt fram fyldige årsmeldingar, både frå hovudgruppa og fem undergrupper. Skigruppa fortalde om både unge og eldre løparar som hadde hevda seg godt i skisporet sist vinter, og det same kunne ein lese frå årsrapporten til skiskyttargruppa. I trim/friidrett vart det registrert i alt 13167 besøk på dei 25 trimpostane i løpet av året, og det var rekorddeltaking i Hellesyltløpet med 117 til start. Der vart det nye rekordar både for kvinner og herrer.

Fotballgruppa er vel den som engasjerte flest utøvarar også i 2015 sjølv om klubben ikkje hadde eit seniorlag for herrer. Damelaget samarbeidde med Stranda og enda på 4. plass i 3. divisjon. Klubben stilte i alt åtte aldersbestemte lag noko som engasjerte mange personar både som trenarar og oppmenn. Fotballgruppa kom også svært godt ut økonomisk med overskot på nær 252.000.- kroner.

Mange har medlemskap i Hellesylt Treningssenter. Årskortsal som er treningssenteret sine inntekter var på 73.000.- kroner. Rekneskapen viste overskot på 11.000,- , men no står ein del vedlikehald for tur både med utstyr og lokale, heiter det i årsmeldinga.

Sunnylven Idrottslag har rundt 400 betalande medlemer og er ei millionbedrift. Total omsetning var på 1.086.724.- Overskotet i drifta vart betydeleg lavare enn året før, berre knappe 20.000.- mot 180.000.- i 2014. Resultatet skuldast store påkostnader i anlegg, mellom anna 350.000.- til nye belter på trakkemaskina. Laget treng ein garasje for betre å ta vare på kostbart utstyr, meinte årsmøtet.

Val

Alle val gjekk greitt og rakt unna med stort sett attval i alle grupper. Jens Vik vart samrøystes att ald som leiar i laget for eitt år.

Hovedstyret. Leiar, Jens Vik, nestleiar, Geir Frøysa, styremedlemer; Magne Brekke, Hans Hole, Jostein Ringdal, Leif Rune Tryggestad, Tarjei Korsbrekke, Frode Nessan.

Fotballgruppa: Leiar, Leif Rune Tryggestad, styremedlemer: Rita Rudning Røyrhus (ny), Lillian Aasheim, Kirsti Frøysadal Hauge, Åse Ringdal, Egil Røyrhus.

Sponsorgruppa: Frank Øksvang, Magnar Hauge

Kioskgruppa: Erna Hellebostad, Margreta Janssen, Gunnhild Liva Foldal

Stadionnemnd: Frode Nessan, Eivind Louis Helset, Ole Aasen, Bård Forbord, Stein Arne Kristoffersen, Bjarne Sjåstad, Per Ove Frøysa.

Skiskyttargruppa: Magne Brekke leiar, Line Høgalmen Støverstein, Magnar Tufte Tyssen, Lisbeth Lervik.

Trim/friidrett: Jostein Ringdal leiar, Ruth Hole Aaland, Gunnar Sårheim Fivelstad, Amund Lien, Olav Andreas Sætreås.

Skigruppa: Hans Hole leiar, Linn Kammen, Gisle Aaland, Anniken Hjellbakk Hole, Fredrik Helset

Hellesylt Treningssenter: Susanne M. Ringdal leiar, Trond Tryggestad, Inger Ann Nybø Vik, Rebekka Ringdal, Arne Tronstad.

Revisorar: Anne Karin B. Ringdal, Annvor Tryggestad

Valnemnd: 1. John Langeland, 2. Jens Forbord, 3. Grete Bjørdal.

Utmerkingar:

På slutten av årsmøtet vart tre medlemer tildelt blomar og gåvekort for lang og god innsats for Sunnylven Idrottslag. Berre Per Kjell Leite var til stades av dei tre, og som no gjekk ut av styret i fotballgruppa etter 25 år samanhengande i hovudstyre og fotballgruppa. Han kom inn i hovudstyret i 1991, var seinare leiar i idrettslaget før han vart valt inn i fotballgruppa. No ønska han avløysing, i alle fall for ein periode. Vik takka han for oppofrande innsats og overrekte eit gåvekort på ei sportsforretning og ein bukett blomar.

Dei andre to som også får overlevert påskjønning frå idrettslaget ved høve var Lillian Aasheim og Gisle Aaland.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380