Lokalnytt

Årsmøte i Sunnylven Pensjonistlag.

Magne Hole fekk gode takkeord og gåve frå pensjonistlaget, overrakt av Astrid Langeland.
Magne Hole fekk gode takkeord og gåve frå pensjonistlaget, overrakt av Astrid Langeland.

Astrid Langeland held fram som leiar i Sunnylven Pensjonistlag. I tillegg til val fekk mange frammøtte på årssamlinga både god servering og underhaldning.

Sekretær i Sunnylven Pensjonistlag, Oddmund Fivelstad kunne legge fram ei særs fyldig årsmelding frå aktiviteten i laget i 2015. I tillegg til medlemsmøter kunne han vise til vårmøte, tur til Atlanterhavsvegen, aktivitetsdag med mellom anna gardsbesøk på Øvre Ljøen, balldag, fårikåldag, jobbedag for medlemane med baking av kromkaker og laging av nye tombolaårar, brukt fleire gonger alt og no sist på årssamlinga. Og laget inviterte medlemane til gratis julebord i desember med tradisjonell julemat på bordet. Her vart laget sin fyrste «årets pensjonist» utnemnd. Det vart tidlegare leiar i laget Knut J. Tryggestad som fekk tildelt ei stor tombolaåre og ein stor vandrarstav som bevis på heiderstittelen.

Laget har 97 medlemer, det meste nokon gong. Årsmøtet vedtok å auke den lokale delen av medlemskontingenten frå kr. 52.- til kr. 60.- for 2016.

Val.

Magne Hole ynskte ikkje attval som styremedlem. Nytt styremedlem vart Håkon Hasle. Astrid takka Magne for innsatsen i styret gjennom mange år. –Du har alltid vore hyggeleg å samarbeide med, alltid viljug til å gjere ein jobb for laget. Mellom anna har det blitt mange turar i bil rundt om i bygdelaga, ut og inn av bilen med utdeling av flygeblad til medlemane. Det er ikkje alltid ein lett jobb i all slags ver, det veit eg alt om som tidlegare postbud, sa Astrid mellom anna. Ho overrekte Magne Hole ein vase med blomar i, og som mottakaren takka så mykje for. Han ynskte også sin etterfyljar lukke til som styremedlem i Sunnylven Pensjonistlag.

Styret:

Astrid Langeland, leiar, Odd Jostein Bjørdal, Lilli Karin Ljøen, Oddmund Fivelstad. Mia Sjåstad, Håkon Hasle (ny).

Varamedlem: John Langeland, Ruth Tronstad.

Valnemnd: Knut J. Tyggestad, Solveig Høgalmen.

Revisorar: Arnfinn Tryggestad, Roger Tryggestad.

Økonomisk hadde Sunnylven Pensjonistlag eit overskot på 1.563.- kroner i 2015. Medlemskontingenten utgjorde kr. 5.044.- av totale inntekter på 39.010.-. Laget har motteke gåver mellom anna frå Sparebanken Møre, og sjølve gjeve ei gåve på 5.000.- kroner til flyktningehjelpa.

Under årsmøtet fortalde avdelingsleiar Randi Sæter ved Byrg Kompetanse, Stranda om attføringsbedrifta, og elevar ved Stranda kulturskule, Maria Langeland og Inger Ringdal Sæter underheldt med song, godt hjelp på gitar av lærar Erik Torset.

Maria Langeland t.v., Inge Ingdal Sæter og Erik Torset måtte til med ekstraframføring før dei fekk "fri" under årsmøtet i Sunnylven Pensjonistlag.
Maria Langeland t.v., Inge Ringdal Sæter og Erik Torset måtte til med ekstraframføring før dei fekk «fri» under årsmøtet i Sunnylven Pensjonistlag.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380