Årsmøte i Sunnylven samfunnshus

I kveld, torsdag 25. februar er det årsmøte i Sunnylven samfunnshus. På saklista står mellom anna utleigeprisar, kva som er definisjonen på eit inntektsbringande arrangement eller ikkje. Styret ynskjer innspel i saka.

Til slutt under årsmøtet kåserer diktaren Astor Furseth om «Funn i fjella som endra historia». Årsmøtet vert halde på Sunnylven samfunnshus og tek til kl. 19.30.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380