Årsmøte i Sunnylven samfunnshus

Både Ole Aasen til venstre og Magnar Hauge fekk gåve og takk for innsatsen i styret for Sunnylven samfunnshus av leiar Inge Bjørdal.

Både Ole Aasen til venstre og Magnar Hauge fekk gåve og takk for innsatsen i styret for Sunnylven samfunnshus av leiar Inge Bjørdal.

Inge Bjørdal held fram som leiar i styret for Sunnylven samfunnshus. Også resten av framlegga frå valnemnda vart samrøystes vedtekne.

Det var få frammøtte til årsmøtet i Sunnylven samfunnshus torsdag. På saklista stod vanlege årsmøtesaker og reglar for utleige av huset. Prisar og retningslinjer for utleige vart vedteke på årsmøtet i fjor med ulike leigesatsar for inntektsbringande og ikkje inntektsbringande arrangement. Definisjonen mellom desse har blitt litt uklare. Saka vart drøfta på årsmøtet og styret vil jobbe vidare med leigesatsane.

I 2015 vart kjøkkenet renovert og er no i god stand . Utbetringa vart på over 200.000.-, men var nødvendig. Ei større gåve av Gullkornmiddlar frå Sparebanken Møre kom godt med til dekning av kostnader.

Også anna vedlikehald står for tur, som utbetring av taklekkasje, spesielt på toaletta og i vestibylen.. Det er gjort avtale om at Stranda kommune skal stå for ytre vedlikehald og Sunnylven samfunnshus for det indre, heiter det i årsmeldinga.

Kan bli offentleg toalett

Toalettavdelinga på Sunnylven samfunnshus kan bli offentlege toalett på Hellesylt. Under årsmøtet orienterte Inge Bjørdal kort om planar for å lage offentlege toalett med eigen inngang og ekstra veggløysingar. Nye veggar må til for at skulen skal kome til symjehall og eit lagerrom i andre høgda. Skuleborn og turistar må vere skilde frå kvarandre, vart det sagt. Men kva med området utanfor med av og påstiging av skuleborn?

Det vart opplyst at Stranda Hamnevesen KF tek kostnaden med omarbeidinga av lokalitetane og Stranda kommune skal koste reinhaldet. Kva inntekter Sunnylven samfunnshus får vart ikkje opplyst.

Val

Ole Aasen og Magnar Hauge tok ikkje attval i styret. Inge Bjørdal held fram som leiar, og får desse med seg i styret; Bjørn Tryggestad (2016), Annvor Tryggestad (2016), Arne Inge Tryggestad (2016 / 2017), Rune Hole (2016 / 2017).

Varamedlemer; Olveig Frøysa, Per Ottar Alme, Leif Egil Åsen

Valnemnd; Egil Røyrhus, Camilla Volsdal, Magnar Hauge.

Ettersynsperson; Oddbjørg Stadheim.

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380