Notiser

Bronse i KM skiskyting

Inger Ringdal Sæter, Sunnylven IL kom i mål til 3. plass og bronse under andre dag av KM i skiskyting.

Søndag var det sprint fellesstart i KM skiskyting med Stårheim IL som arrangør. Denne gongen vart det ikkje fullklaff på standplass for verken Inger Ringdal Sæter eller klubbkollega Kasper Ringdal. For Inger heldt det likevel til bronsemedalje i J16, medan Kasper kom på 6. plass i G15.

KM-tittlar blir delt ut frå og med 13 år. Elias Helset i G11 skaut godt også på søndag, og med 8 treff vart det ein flott 2. plass i klassa.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380