Lokalnytt

Bygde snøfamilie

Det vart ein flott snømann i hagen ved omsorgssenteret til slutt, Frå venstre Ole Karl Vollset, Jostein Nikolaisen, Anne Lise Lødøen Helset, Rebekka Ringdal, Ryan Puntal.
Det vart ein flott snømann i hagen ved omsorgssenteret til slutt, Frå venstre Ole Karl Vollset, Jostein Nikolaisen, Anne Lise Lødøen Helset, Rebekka Ringdal, Ryan Puntal. (Foto: Jan Erik Øksvang)

Med snø kan det skapast mykje, som ein flott snømann.

Ved Sunnylven omsorgssenter fann dei stor glede av at snøen var på plass like ved. Måndag tok nokre av bebuarane og betjening like godt turen ut og brukte kreative evner. Det vart fyrst laga ein snømann og etterpå ei snøkjerring før også to snøbarn kom på plass. Til slutt vart ei snølykt laga før bein og nevar vart for kalde, men når det mørknar skulle det bli levande lys for «familien» ute på plenen.

-Vi kjem nok til å gjenta aktiviteten vår om snøen blir liggande, sa Anne Lise Lødøen Helset som saman med Rebekka Ringdal og Ryan Puntal var dei tilsette som fekk hjelp av Jostein Nikolaisen og Ole Karl Vollset til bygging av «snøfamilien».

Om borna i barnehagen har lyst å kome ned til omsorgssenteret og hjelpe oss med bygginga neste gong hadde det vore kjekt, la Anne Lise og Rebekka til.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380