Dansa seg til sjokolade

Barnelaget 1

Sist helg var barneleikarringen i Hellesylt Ungdomslag på sjokoladekappleik i Tresfjord.

Gruppa «Dåm og Drag» frå Tresfjord sytte for musikken då rundt hundre danseglade born sette stemne i Tresfjord laurdag. Der vart den årlege sjokoladekappleiken for born frå heile fylket arrangert. Hellesylt Ungdomslag var representert med 27 born i alder 7 til 14 år og 12 vaksne.

Med Trond Åge Dyrkorn som bussjåfør gjekk turen utan problem til Tresfjord, sjølv om «Tor» var på besøk dagen før og ikkje heilt ferdig med å «bysta» seg laurdag heller.

Det vart mykje skryt til barneleikarringen frå Hellesylt Ungdomslag, fortel Astrid Ringdal, ein av leiarane og eldsjel i ungdomslaget for nettopp denne aktiviteten mellom born og vaksne. Ikkje minst at smilte var med under framføringa var kjekt å sjå, for når ein skal opptre blir vi alle litt spente og gløymer lett å vise glede, seier ho. Også dei fire som dansa par-halling, Sigrid Imilie og Isak, Andrea og Sara imponerte både dommarar og publikum.

Også leiar i styret for barnelaget i HUL, Wenche Ringdal tykte det var kjekt å reise til sjokoladekappleik, eit arrangement som Hellesylt Ungdomslag var arrangør av i 2011. Som vanleg fekk dansarane tilbakemelding frå dommarar på utføring av dans, song eller på instrument, kva dei var gode i og kva dei burde jobbe meir med. Det vart mange fine kommentar til flinke dansarar frå HUL. I det heile ein kjekke tur, vellukka deltaking og velsmakande premiering i form av godteri og masse sjokolade, fortel leiar for barnelaget, Wenche Ringdal.

Barnelaget 3

Barnelaget 2

(Alle foto: Wenche Ringdal.)

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380