Drøfta tiltak for auka reiseliv

Hellesylt har stort potensiale innan reiseliv, det meinar leiaren i Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv.
Måndag var det styremøte i Peer Gynt Galleriet på Hellesylt. På saklista stod mellom anna samarbeid med andre aktørar innan reiseliv, og tiltak for auka besøkstala ved kunstgalleriet.
I tillegg til styret i Peer Gynt Galleriet var leiar for Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv, Katrine Blomvik til stades. Ho såg eit stort potensiale for turisme i Hellesylt-området, men gav uttrykk for at det ville ta tid å bygge seg inn i denne marknaden.
Mange reiser gjennom Hellesylt, både med turistferja som privatpersonar og som cruiseturistar over Hellesylt kai. Utfordringa var å få dei til å stoppe, og deretter ha noko å tilby før dei drog vidare. I dag hadde Hellesylt eit veldig godt produkt i Peer Gynt Galleriet, men det måtte jobbast for å gjere dette godt nok kjent blant turistane. Det måtte også gå ann å skape noko meir, meinte Blomvik som trekte fram Norangsdalen som noko unikt i området.
Katrine Blomvik var sikker på at Hellesylt kom til å utvikle seg til noko positivt innan reiseliv, men å bygge staden opp som reisemål ville vere eit langsiktig arbeid. For å fremje reiselivet trudde ho på samarbeid mellom bygdene, og at fleire var med og jobba for turistnæringa.
Styreleiar i Peer Gynt Galleriet, Jan S. Storstein hadde teke initiativet til møtet med leiaren i stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv, Katrine Blomvik. –Vi har starta ein prosess som vi trur vil føre fram til noko positivt, sa han.