Lokalnytt

Feira med kake på årsmøte

Sunnylven sanitetslag gjev støtte til mange. På årsmøtet fann dei å feire litt med kake.
Sunnylven sanitetslag gjev støtte til mange. På årsmøtet fann dei å feire litt med kake.

Sunnylven sanitetslag har halde årssamling med vanlege årsmøtesaker på saklista. Kari Hauso Stadheim held fram som leiar i laget.

Det vart både sunn, men også søt servering til medlemane då Sunnylven sanitetslag heldt årsmøte nyleg. Dei frammøtte fekk både brødmat, men også marsipankake og kaffi. Det var med andre ord litt ekstra stas over serveringa denne gongen, noko som skuldast at Norske Kvinners sanitetsforeining rundar 120 år 25. februar. Det ville laget markere med stor og rett pynta kake.

Årsmøtet til Sunnylven sanitetslag vart halde i møterommet til laget i kyrkjelydshuset. Her vart ei fyldig årsmelding og rekneskap samrøystes godkjent.

Val

I styret for laget vart det berre få endringar. Kari Hauso Stadheim held fram som leiar og med Hilde Langlo Brekke som nestleiar. Dei andre i styret er; Ingebjørg S. Fivelstad kasserar, Solfrid Onsøien Lien skrivar, Ann Janne Hole styremedlem. Varamedlemer: 1.Britt H. Hauge, 2.Anne Marie Ljøen, 3.Ruth N. Frøysa.

Sunnylven sanitetslag hadde siste året 51 hovudmedlemer og 4 støttemedlemer. Gjennom året har laget arrangert, men også delteke på fleire tilstellingar.

Aktivitet

Saman med Sunnylven Pensjonistlag vart det arrangert vårtreff og der vart Anne Gausdal utnemnd til æresmedlem i sanitetslaget.

Laget tok del i SMISO sitt førebyggande tiltak for Russ-15 både på Stranda og i Sykkylven, og i mai var det sal av mai-blomst, vaflar og kaffi i Hellesylt sentrum før Jentebylgja, trimtur til Stadheim og tilbake starta.

Arrangement

Under Hellesyltdagane var laget på plass med sitt loppemarknad, og seinare vart faste arrangement haldne. Vi les frå årsmeldinga og nemner i fleng laurdagsbasar, trimtur frå sentrum til Shell, kaffistund og seinare på året adventsstund på omsorgssenteret, servering av sunn og næringsrett mat under juleverkstad på skulen, og medlemsmøter med aktuelle tema.

Sunnylven sanitetslag inviterte i november Hornindal sanitetsforeining til gjennvisitt, og saman med Austefjord og Vikebygda sanitetsforeining sette dei alle stemne på Peer Gynt Galleriet. Her sytte vertskapet for bevertning, program og omvising i galleriet.

I 2015 delte Sunnylven sanitetslag ut 7.000.- kroner til ulike formål.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380