Fyrste runde i Bedriftscupen

Laget Babes med KIrsti Frøysadal Hauge t.v., Linn Kammen og Hanne Kvamme bak våpena opna med 8. plass og 681poeng.

Laget Babes med KIrsti Frøysadal Hauge t.v., Linn Kammen og Hanne Kvamme bak våpena opna med 8. plass og 681poeng. (Foto frå arkivet)

Onsdag 10. februar starta Sunnylven skyttarlag sin årlege Bedriftscup i miniatyrskyting. Konkurransen finn stad på skyttarlaget si bane på Hellesylt stadion.

I alt 11 lag med tre skyttarar på laget har meldt seg på til konkurransen som går over fire rundar.

Etter fyrste konkurranse to Nebbedalen Jaktlag leiinga, men med knappast mogleg margin. Berre eitt poeng bak kom Ole Ringdal 3. «Slaktarlaget» hadde også fleire innertiarar så her kan det bli kamp til siste slutt. hellesylt.info føl skytekonkurransen med oppdateringar.

Resultatliste.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380