Geir Frøysa leiar Hellesylt Ungdomslag

Tillitsvalde i Hellesylt Ungdomslag, frå venstre Wenche Ringdal, Randi Sæter, Geir Frøysa, Asle Ringdal.

Tillitsvalde i Hellesylt Ungdomslag, frå venstre Wenche Ringdal, Randi Sæter, Geir Frøysa, Asle Ringdal.

Hellesylt Ungdomslag har halde årsmøte. Årsmeldingar og rekneskap fortalde om god aktivitet i laget der også alle val fall på plass.

Geir Frøysa held fram som leiar på andre året i Hellesylt Ungdomslag. I andre val vart det små utskiftingar med to ny styremedlemer i hovudstyret og det same i barnelaget. Alle vedtak på årsmøtet vart gjorde samrøystes og med applaus.

Det vart lagt fram årsmeldingar frå hovedstyre, barnelaget, badehusstyret og teatergruppa.

Hellesylt Ungdomslag hadde i fjor 135 betalande medlemer, går det fram av årsmeldinga frå hovudstyret. Laget stod som tilskipar av Grendakvelden i mars der Dalarane sytte for «serveringa» frå scena til 230 frammøtte.

Ungdomslaget var også aktiv under Hellesyltdagane og har avtale med sommardagkomiteen om å stå som arrangør av kyrkjekonsert og andeslepp i Hellesyltfossen. Slik blir det også i år med andeslepp og med artist Trine Rein under konserten i Sunnylven kyrkje. Årsmøtet vedtok at billettar til konserten skal vere 350.- kroner for vaksne og 200.- kroner for born.

Barnelaget i HUL er kan hende den mest aktive delen. Danseøvingane starta tidleg på våren og ut over året vart det mange framvisingar, både under Sunnmørsstemne i Ørsta, under 17-mai-feiringa i heimbygda, Hellesyltdagane, Strandadagane, og ikkje minst for cruiseturistar på to turistskip som høgdepunkt i 2015. Og banelaget «dansar vidare». 23. september hadde dei si fyrste øving etter sommarferien med 25 born på øving, av desse var det ni fyrsteklassingar.

Skodespelet «Kona eller livet» var ein ny HUL-suksess med totalt tre framsyningar, fyrste gong i jula 2014 og seinare på nytt i Sunnylven samfunnshus og i Storfjord kulturhus med 155 tilskodarar i salen. Til jul 2015 lukkast ikkje teatergruppa å få ja frå mange nok aktørar til romjulsspel, står det i årsmelding frå teatergruppa. Dermed vart det ikkje teaterframsyning og heller ikkje arrangert dans fjerde juledag.

På badehuset vart det gjort naudsynt vedlikehald med utbetring av diverse råteskadar og måling. No står planlegging av tilkomstveg til badestranda for rørslehemma og eit sanitæranlegg på arbeidsplanen. Det kan også vere behov for meir pæling under badehuset, les vi i årsmeldinga frå badehusstyret.

Rekneskapen for Hellesylt Ungdomslag viser eit underskot på knappe 40.000.- kroner for 2015. Men laget har middlar i bank så økonomisk går laget godt. Medlemskontingenten vart vedteken uendra,

Val.

Hovedstyre:

Geir Frøysa, leiar

Ole Hjalmar Bonsaksen, nestleiar

Hilde Malene Røyrhus, sekretær

Wenche Solli, kasserar (ny)

Oleanne Sjåstad styremedlem (ny)

Varamedlemer:

Synnøve Kjellstad, Silje Stadheim, Margretha Janssen

Barnelaget.

Wenche Ringdal, leiar, Ann Kristin Wollseter nestleiar , Solveig Førde, Lillian Birgitte Støverstein (ny), Petrin Iren Friestad (ny)

Badehusstyret.

Asle Ringdal, leiar, Tarjei Korsbrekke, byggteknisk/skrivar, Kristoffer Frøysa byggteknist / bas, Inge Korsbrekke teknisk assistent / konsulent, Even Andre Bjørneseth, dugnadsansvarleg

Teatergruppa:

Randi Sæter, leiar, Inghild Storstein, kostymeansvarleg, Kristin Storstein, Per Amund Frøysa, Peder Rune Tronstad.

Valnemnd.

Knut Dag Langeland, Egil Røyrhus, Ellinor Fivelstad.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380