Lokalnytt

Godt år for Sunnylven bibliotek

Styret i Sunnylven bibliotek, frå venstre Kari Hauso Stadheim, Odd Jostein Bjørdal, Mariann Sundgot Frøysa.
Styret i Sunnylven bibliotek, frå venstre Kari Hauso Stadheim, Odd Jostein Bjørdal, Mariann Sundgot Frøysa.

Det var godt frammøte då Sunnylven bibliotek heldt årsmøte denne veka. Vanlege årsmøtesaker stod på saklista.

Det var ei særs fyldig årsmelding styret la fram på årssamlinga i Sunnylven bibliotek tysdag kveld. Styreleiar Odd Jostein Bjørdal presenterte årsmeldinga som fortalde om god aktivitet i 2015. I alt 33 personar og ein meir enn året før hadde betalt medlemskap til støttegruppa siste år. Biblioteket har hatt ope to timar kvar tysdag og torsdag og held til i andre høgda i Sunnylven kyrkjelydshus. Også i 2016 er opningstidene klokka 16.30 – 18.30 tysdag og 09.00 – 11.00 på torsdag.

I 2015 vart det kjøpt inn 61 nye bøker, men elles får biblioteket såkalla «Kulturfondbøker» då det er ein kommunal filial.

Utanom løn til styrar blir Sunnylven bibliotek drive på innsamla middlar, men godt besøk og stabile utlån av bøker viser at det er behov for ein filial i bygda. Særleg skuleelevar og barnehageborn er flittige brukarar, heiter det i årsmeldinga.

Også den nasjonale lesekonkurransen «Lesesommar 2015» for born frå 1. til 7. klasse fekk stor oppslutnad der heile 17 elevar frå Sunnylven skule deltok. Alle vart premierte under ei tilstelling på biblioteket i september. Også i ei brukarundersøking kom Sunnylven bibliotek godt ut. -Det er kjekt at folk føler dei blir tekne godt imot, det gleder styret, sa Bjørdal.

For å skaffe middlar til drifta har støttegruppa arrangert utlodding seks kveldar i opningstida. Biblioteket har også fått gåvemiddlar frå Sparebanken Møre, Sunnylven Bygdekvinnelag og åtte privatpersonar. Og 33 personar betalte medlemskontingent i 2015. Medlemskontingenten for 2016 vart vedteken uendra og er på 100.- kroner.

Sunnylven bibliotek hadde ei samla inntekt på 28.110.- og samla utgift 22.117.- i 2015, altså eit overskot på knappe 6.000.- kroner.

Sunnylven bibliotek ønskjer seg fleire støttemedlemer, vart sagt på årsmøtet. I 2012 skreiv 233 personar på lister for å få behalde eit bibliotek i bygda. I dag brukar mange tilbodet, difor er det viktig å sikre det økonomiske grunnlaget også gjennom kontingent som støttemedlem eller gjennom gåver slik at Sunnylven bibliotek kan halde fram, meinte årsmøtet.

Det var ikkje val på styremedlemer i år. På årsmøtet 10. februar 2015 blei følgjande valde til styremedlemer for 2015 og 2016:

Styreleiar:         Odd Jostein Bjørdal

Styremedlem:  Mariann Sundgot Frøysa

Styremedlem:  Kari Hauso Stadheim

  1. varamedlem:    Ingebjørg Sårheim Fivelstad
  2. varamedlem:    Anne Marie Hauge Ljøen

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380