Godt billettsal til Trine Rein-konsert

Trine Rein, artist under konserten i Sunnylven kyrkje 8. juli.

Trine Rein, artist under konserten i Sunnylven kyrkje 8. juli.

Billettar til kyrkjekonsert med Trine Rein under Hellesyltdagane kom i sal for to veker sidan. Mange billettar er alt selde, melder arrangøren.

Mykje tyder på at komiteen for dei 29. Sommardagar på Hellesylt har treft blink med artist under konserten i Sunnylven kyrkje nok ein gong. Fredag 8. juli er det Trine Rein, finalist frå Stjernekamp på NRK Tv sist haust som blir å høyre. Hellesylt Ungdomslag i samarbeid med Sunnylven Sokneråd er ansvarlege arrangørar av kyrkjekonserten som er opninga av Hellesyltdagane 2016.

Billettar til konserten vart lagde ut for sal tidleg i februar både på www.tikkio.no og Joker, Hellesylt. Alt no er det selt mange billettar begge stader sjølv om det er over fire månader til konserten. Så ikkje nøl med kjøpet sjølv om Sunnylvs-kyrkja har plass til over 400 personar. Det kan bli utselt til årets konsert på Hellersylt.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380