Lokalnytt

Kjekt på fastelavnskafe

To veteranmedlemer i Sunnylven sanitetslag, Ingeborg Korsbrekke t.v. og Borghild Hauso hadde teke turen frå omsorgssenteret. Dei ville på fastelavnskafe.
To veteranmedlemer i Sunnylven sanitetslag, Ingeborg Korsbrekke t.v. og Borghild Hauso hadde teke turen frå omsorgssenteret. Dei ville på fastelavnskafe.

Unge og gamle sette pris på Sunnylven sanitetslag sitt tilbod laurdag. Fastelavnskafeen vart ein suksess.

Det var til tider fullt i den minste salen i Sunnylven samfunnshus der sanitetslaget inviterte til fastelavnskafe. Der baud dei på fastelavnsbollar og andre go`saker frå kakebordet. I tillegg var det sal av fastelavnsris og loddsal. Alt gjekk unna, nesten betre enn arrangøren hadde håpa på. -Einaste kritikk vi fekk var at vi hadde for lite snurrelodd, fleipa sanitetsdamene. Dei hadde snurra 500.

Også kakebordet vart nesten tomt, og fastelavnsbollar fylte med krem gjekk unna, nokre med ein sylteklatt på toppen. –Det er kjekt å arrangere når vi får så mykje besøk og alle er nøgde, fekk vi høyre. Resultatet vart rundt 7.000.- brutto.

Det var til tider fullt i den minste salen av kafegjester.
Det var til tider fullt i den minste salen av kafegjester.
Sofie Kjellstad hadde kjøpt seg store farga fjør og pynta bjørketreet i vestibyla.
Sofie Kjellstad hadde kjøpt seg store farga fjør og pynta bjørketreet i vestibyla.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380