Lokalnytt

Kurs for satsing mot cruisegjestar

Cruisebåt til kai på Hellesylt
Cruisebåt til kai på Hellesylt

Innovasjon Norge tilbyr kurs for bedrifter som satsar på cruisegjestar. Kurset er ein del av Innovasjon Norge sitt kompetanseprosjekt for reiselivsnæringa.

Destinasjon Geirangerfjorden – Trollstigen og i samarbeid med Innovasjon Norge Møre og Romsdal inviterer til kurs på Stranda Hotel i samansetjing av opplevingspakkar for cruiseturistar.

På kurset blir det tips og kunnskap om korleis bedrifter kan setje saman pakkar for å effektivt  å trekkje til seg og tene meir pengar på cruisegjestar. Kurset er ein del av Innovasjon Norge sitt kompetanseprogram for reiselivsnæringa.

Tal cruisegjestar til Noreg aukar og marknaden treng fleire pakkar for sal til denne kundegruppa. Dette stiller krav til tilbydarane av reiselivsprodukt på land både når det gjeld kvalitet på produktet og organisering.

Cruisegjestar vitjar lokale stader i eit svært avgrensa tidsrom. Det er heller ikkje uvanleg at det skjer endringar i anløps- og avgangstid, noko som krev at ein må tenkje annleis for besøk av cruiseturistar enn til tradisjonelle gjestegrupper.

Innovasjon Norge meiner det ligg eit unytta potensial på dei ulike destinasjonane og dei ønskjer å få fleire av dei lokale aktørane på banen for å auke den lokale verdiskapinga. Dette vil på sikt vere viktig for både sysselsetjing og for destinasjonsutvikling. På kurset går ein gjennom korleis pakkar kan produserast og oppbygging av kalkylar. Føremålet er å lage nye produktpakkar for sal!

Gjennomføring

Destinasjon Geirangerfjord –Trollstigen og i samarbeid med Innovasjon Norge Møre og Romsdal vil vere arrangør, og kursleiarar er Børre Berglund, Reiselivsrådgivning AS og Tor Johan Pedersen, seniorrådgjevar cruise i Innovasjon Norge. Berglund vil leie den delen av kurset som omhandlar pakkinga, medan Pedersen vil dele av sin kunnskap om cruisebransjen og -gjestane. Kurset vert gjennomført i to samlingar. Den første er frå lunsj til lunsj, den andre varer ein dag.

Kven passar kurset for?

For bedrifter som arbeider med cruise eller som har produkt som kan utviklast/pakkast som tilbod til cruiseturistar.

Rådgjeving

Bedriftene kan få individuell konsulenthjelp/rådgjeving både mellom samlingane, og i ettertid. Dette vert avtalt etter behov på samlinga.

Pris Kr 1000,- i deltakaravgift. I tillegg kjem overnatting på Stranda Hotel kr 845,- pr. døgn, for dei som treng det.

Kursdato

6.-7. april + 1 dag til i april som blir bestemt på kurset.

Påmeldingsfrist: 14. mars 2016

Påmelding: http://goo.gl/forms/YMEEg7ueER

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380