Lokalnytt

Lesing tema for Barnehagedagen

I Trollhola Bibliotek er der masse bøker å få låne.
I Trollhola Bibliotek er der masse bøker å få låne.

«Les høgt for meg» er tema for Barnehagedagen som blir markert over heile landet 1. mars. I Sunnylven Barnehage har dei laga sitt eige bibliotek, Trollhola Bibliotek.

-Vi i Sunnylven Barnehage vil skape eit miljø der born og vaksne dagleg opplever både spaning og glede ved høgtlesing , forteljing, song og samtalar. Det er noko som vi vil arbeide etter til ei kvar tid, seier pedagogisk rettleiar i Sunnylven Barnehage Mariann S. Frøysa.

I eit rundskriv som er sendt heim frå barnehagen til alle foreldre står det at temaet for barnehagedagen kjem inn under språkleg utvikling. Som eit ledd i dette arbeidet blir det i eit par veker framover lagt spesielt vekt på lesevanane til born. Det er eit nasjonalt satsingsområde som vil få stor plass i stortingsmeldinga til våren, heiter det.

Borna vil gjennom boka utvikle begrepsforståing, få eit rikt ordforråd og gjennom positivt forhold til tekst og bilete tileigne seg kunnskap om forståelsen av å kunne lese og skrive. Dei får oppleve spaning, glede, mestring, samhald og tilhørigheit, heiter det i skrivet frå Sunnylven Barnehage der foreldre blir oppfordra til å låne med bøker heim frå barnehagen sitt Trollhola bibliotek og til gode lesestunder med borna.

Barnehagen har lånt mange bøker frå Sunnylven bibliotek. Biblioteket på Hellesylt får alle barnebøker som alle andre bibliotek i heile landet får. Her er eit stort skattkammer for borna.

I Sunnylven Barnehage har borna i Bjørnegruppa fått laga sitt eige leserom. Her har dei madrasser på golvet og fått med teppe og pute heimanfrå. Og ikkje minst så var der masse fargerike og spanande bøker frå Sunnylven Bibliotek og utlånt frå Trollhola Bibliotek.

 

Bibliotek 3

Bibliotek 2

Bibliotek 4

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380