Lokalnytt

Med morotur til Steimsnibba

På toppen av Steimsnibba.
På toppen av Steimsnibba.

Fottur til Steimsnibba er ein av turane i Stranda kommune du kan lese om på ei fylkeskommunal nettside.

På Møre og Romsdal fylkeskommune si nettside ligg www.morotur.no som er beskrivelse av fotturar, skiturar, sykkelturar og padleturar i heile fylket.

For i og nær Stranda kommune er det opplysningar om sju fotturar, Den Trondhjemske postvei mellom Ljøen og Herdalen, og til Flosteinnibba, Hornindalsrokken, Liasætra, Slogen, Store Torvardegge og Steimsnibba.

Turen til Steimsnibba har fått brei omtale med lengde og høgde og om eit spesielt bygg på toppen. Dit kjem ein etter tre turråser merka av trimgruppa i Sunnylven IL, frå Hauge om Haugesætra, frå Hellesylt sentrum om Skaret, eller frå Karbø til Steimsnibba.

Turbeskrivelsen på morotur.no startar på Karbø, går om Torskedalssætra og Skaret til den 1285 meter høge «bytesteinen» i Sunnylven. Frå Steimsnibba er det utsyn til det meste av Sunnylven både i Bygda, Hellesylt sentrum og sørover i Langedalen, heilt til Hornindalsvatnet i Nordfjord.

Les om fotturen frå Karbø til toppen av Steimsnibba og om bygginga av steinhytta på toppen av det flotte turmålet: http://mrfylke.no/Morotur/Turar/Steimsnibba-fraa-Karboe

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380