Lokalnytt

Merka hjortekolle på Hauge

Hjortemerking i Liabygda.
Hjortemerking i Liabygda.

Denne veka vart det merka to hjortar i Stranda, eitt dyr på Opshaug og ei kolle på Hauge. Til no er fem dyr merka i kommunen.

Det er gjennom eit interkommunalt samarbeid og selskapet Sunn Hjort at hjortedyr blir merka rundt om i Stranda kommune. Til no i år har fem dyr fått sendeutstyr slik at dyra sine forflytningar i terrenget kan registrerast. På Hauge i Sunnylven vart ei kolle merka onsdag kveld, og planen er å få merka tre dyr til i løpet av dei neste vekene.

Skogbrukssjef Asle Johan Bergset Konnerth er sekretær i Viltnemnda i Stranda. Han seier at forskningsselskapet Sunn Hjort håper å få merka ni dyr totalt før påske.

Dyra får sendarar på seg og på den måten kan ein følgje kvar dyra vandrar. I fjor var det vanskeleg å spore dei då sendarane tok inn berre mobilnettet til Telenor. I år er det brukt andre simkort som virkar både på Nettcom og Telenor, fortel Konnerth.

På nettstaden www.hjortmerk.no kan ein sjå dyra sine forflytningar. Det vil gå ca. ei veke frå dyr blir merka til dei er aktivert på nettsida.

Mindre slaktevekt

Når det gjeld forvaltninga av hjortestamma i Stranda kommune slit ein med å få opp slaktevektene igjen. Dei siste 15 åra har gjennomsnittsvekta minka med 15 – 20 prosent.

Årsaka er todelt, seier Konnerth. Hjortestamma har auka kraftig dei siste åra og i mange tilflle tek jegerane ut dei største dyra først. God avskyting så nær tildelte kvoter både av små og store dyr er også viktig. Siste år var avskyting i høve tildelte kvoter på 77 prosent og det er ikkje så verste, synest Asle B. J. Konnerth som opplyser at det ikkje blir endringar i kvotene dei to neste åra.

Foto: Asle Johan Bergset Konnerth.

Hjortemerking ved Opshaug på Stranda
Hjortemerking ved Opshaug på Stranda

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380