Morgan Berg blir Verdsarvprest

Her er Morgan Berg, nr. fire frå venstre aktivitetsdag på Helsetvatnet saman med ungdom frå Hellesylt januar 2013. Til sommaren er Berg tilbake som Verdsarvprest.

Her har Morgan Berg, nr. fire frå venstre aktivitetsdag på Helsetvatnet saman med ungdom frå Hellesylt i januar 2013. Til sommaren er Berg tilbake som Verdsarvprest.

Kapellan i Spjelkavik, Morgan Berg blir verdsarvprest for kyrkjelydane i Geiranger, Sunnylven, Norddal og Valldal til sommaren.

Møre bispedømme har oppretta ei verdsarvstilling for sommarsesongen 2016 i området Hellesylt, Geiranger, Norddal og Valldal. Kyrkja har lenge ønska å styrke betjeninga sommarstid i dette turistområdet, og no er kapellan Morgan Berg tilsett i stillinga frå 20. juni til 20. august, heiter dei i ei pressemelding frå Austre Sunnmøre prosti. Morgan Berg er til dagleg tilsett som kapellan i Spjelkavik kyrkje, men vil ha permisjon frå stillinga under sommarvikariatet i Verdsarvområdet.

Morgan Berg var vikarprest i Sunnylven og Geiranger i 2012 og er kjent med både naturen og folket her. Han gleda seg mykje til å kome tilbake til området og ta fatt på jobben der han får tittelen Verdarvprest. Han blir busett fast i Geiranger, men vil reise rundt i alle kyrkjelydane. Han får ambassadørkort på turistferja så det blir mange turar som prest med rundsnipp på Geirangerfjorden i løpet av sommaren, seier han.

Berg hadde ikkje i tankane at det skulle bli oppretta ei stilling som Verdsarvprest og som han kunne søkje på. At det vart slik og at han fekk jobben i eit område som han har blitt så glad i var ekstra kjekt, seier han.

Morgan Berg skal også jobbe nært med andre prestar i området der nokre av arbeidsoppgåvene hans blir:

Gudstenester på søn- og kvardagar på norsk og engelsk

Deltaking i musikkandakter

Prest tilgjengeleg i Geiranger kyrkje på kvardagar,

Synleg prest i lokalmiljøet

Vigsler i kyrkjene

Oppgåver knytte til pilegrimsleia i Sylte

«Sjømannsprest» om bord på ferja mellom Geiranger og Hellesylt.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380