NM-stafettar skiskyting

Frå venstre Ingrid Gausemel, Elise Skrede, Maria Munch

 K 17/18 -laget frå Sogn og Fjordane kom på 5. plass. Frå venstre Ingrid Gausemel, Elise Skeide Bakke og Maria Munch Starheim

Det vart ikkje medalje på dagens NM-stafettar i Trondheim for laga frå Sogn og Fjordane.

Tekst / Foto: Rune Tryggestad

K 17/18-års laget gjorde det best i NM stafetten og kom på 5. plass, 2.19 etter vinnarlaget frå Oppland. Her gikk Ingrid Gausemel, Hornindal IL fyrste etappe. På etappe to gikk Elise Skeide Bakke, Eid IL, og på tredje Maria Munch Starheim, Stårheim IL.

I M 17/18 år vart Sogn og Fjordane fyrste lag nr. 11. Her gjekk Lars Erik Telset, Isak Hopland, Vegard Skrede, Håkon Midthjell Gjørven.  Etter en strafferunde var laget 7.44 bak vinnar Oslo og Akershus.

Lag nr. 2 vart nummer 23. Her gjekk Erlend Bakken, Grim Nygård, Andreas Hallsteinsli, Odd Sindre Tonning. Dei var16.05 vak vinnar.

Klasse M17/21 år vart vunne av Oslo og Akershus . Laget frå S.FJ. vart nr 17. På laget gjekk Isak Flo Bødal, Georg Hallsteinslid, Trygve Aaland Tryggestad og Sivert Myrold.

Klasse K 17/21 vart vunne av Nord Østerdal. Laget frå S.FJ. vart nr 18. På laget gikk Mari Sollid Eide, Sigrid Flo Bødal og Karoline Erdal.

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380