Nye SMIL-middlar og tilskot til drenering

Sommarleg idyll på Røyrhussætra.

Sommarleg idyll på Røyrhussætra.

Stranda kommune har til disposisjon totalt 470.000.- kroner i SMIL-middlar og tilskot til drenering for 2016.

Stranda er mellom kommunane i Møre og Romsdal som har fått tildelt mest i SMIL-middlar for 2016. I alt 320.000.- kan det søkjast på. Fire kommunar i fylket har fått eit større beløp, Ørsta 420.000.-, Fræna 350.000.-, Sunndal og Surnadal begge 340.000.- kroner.

Drenering

Til drenering av matjord er Møre og Romsdal tildelt 2.000.000.- i 2016. Med overføring frå i fjor på 2.099.491.- er tilskotsramma til fordeling mellom kommunane på 4.099.491.- kroner.

Av dette får Stranda kommune 150.000.-. Mest får Fræna med 1.000.000.- , Smøla og Aure, begge 250.000.- kroner.

Søknad om tilskot til drenering skal sendast til kommunen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380