Nytt KM til Kristine Hjellbakk Hole
KM lang distanse og Skardilten vart arrangert ved Skaret skisenter, Molde med tre deltakarar frå Sunnylven IL.
14 år gamle Kristine Hjellbakk Hole tok eit nytt suverent krinsmeisterskap, denne gongen over lang distanse 5.0 km. klassisk fellesstart. Kristine fekk sluttida 15.54 og var 31.0 sek. føre Guro Eline Vollan, Tomrefjord IL som fekk sølvmedalje.
Same stad og dag gjekk Skardilten, eit mønstringsrenn for Birkebeinerrennet som i år er 19. mars frå Rena til Lillehammer. I Skardilten over ca. 40.0 km. deltok Anniken Hjellbakk Hole i kvinner 21 – 30 år, og Gisle Aaland i menn 51 – 60 år.
Anniken vann si klasse og vart beste kvinnelege deltakar totalt i Skardilten. Ho fekk eit par skistavar i premie. Sluttida vart 2.32.31, 4.51 minutt føre Ingrid Lundanes, Emblem IL og 5.19 raskare enn Benedikte Liepelt, Molde.
Også Gisle Aaland viste god Birken-form. Han vart totalt nr. 3 i si klasse som talde 23 løparar og til sluttid 2. 39.28. Ole Johan Lillestøl, Stranda IL i klasse 61 – 70 år fullførte Skardilten på 2.52.43, og Terje Drege Rusten, Geiranger IL i same klasse til 3.14.03.
(Alle foto: Privat)