Lokalnytt

Planlegg uteområdet ved omsorgssenteret

Komitemedlemane studerer planteikningar, frå venstre Reidar Brekke, Randi Nybø Ringdal, Jorunn Trøen og Egil Jarle Frøysa.
Komitemedlemane studerer planteikningar, frå venstre Reidar Brekke, Randi Nybø Ringdal, Jorunn Trøen og Egil Jarle Frøysa.

Ein komite med mandat å planlegge og få i gong arbeid med å stelle til uteområdet ved Sunnylven omsorgssenter hadde møte denne veka.

Ein komite arbeider no med å planlegge arbeid for utbedring og beplanting av uteområdet ved Sunnylven omsorgssenteret. I komiteen er Egil Jarle Frøysa og Jorunn Trøen med frå dei tilsette, Randi Nybø Ringdal og Reidar Brekke er innvalt av pårørandeforeininga.

Saka om tilstelling av uteområdet framfor Sunnylven omsorgssenter er gammal. Planen har vore teikna, men økonomi har stoppa arbeidet. No har saka fått ny kveik og skal realiserast så snart ein har funne dekning for kostnadane.

På plenområdet framfor hovudbygget og dei frittståande bueiningane er tenkt å anlegge gangvegar, bygge ein paviljong og beplante. Etter den vedtekne reguleringsplanen frå 2015 har utearealet blitt noko innskrenka då der er teikna inn ti parkeringsplassar langs vegen som går til småbåthamna.

Diskusjonen i komiteen gjekk på kvar ein skulle plassere paviljong og korleis ein skulle plante utan å skygge for utsikt til småbåthamn, ferjekai og fjorden. Også det økonomiske må på plass før arbeidet blir sett i gong. Det vart opplyst på møtet at der var litt pengar på konto, men at ein håper på støtte frå mange til trivselstiltaket ved Sunnylven omsorgssenter.

Her framfor omsorgssenteret blir det eit flott parkanlegg om ein får økonomien på plass.
Her framfor omsorgssenteret blir det eit flott parkanlegg om ein får økonomien på plass.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380