Lokalnytt

Sanitetsdamene med fastelavnskafe

Også i år skal eit bjørketre pyntast med fargerike fjør slik som i 2014 av damene i Sunnylven sanitetslag, frå venstre Anne Marie Hauge Ljøen, Kari Hauso Stadheim og Ester Kjellstadli.
Også i år skal eit bjørketre pyntast med fargerike fjør slik som i 2014 av damene i Sunnylven sanitetslag, frå venstre Anne Marie Hauge Ljøen, Kari Hauso Stadheim og Ester Kjellstadli.

Søndag 7. februar er det fastelavn. Sunnylven sanitetslag tjuvstartar og inviterer til fastelavnskafe på Sunnylven samfunnshus dagen før.

Laurdag 6. februar har Sunnylven sanitetslag open fastelavnskafe på samfunnshuset på Hellesylt og håper på stort frammøte. Der blir det sal av kaffi, saft og mykje godt å bite i, og høve til å teste vinnarlukka. Der blir det også sal av flotte fastelavnsris og av store farga fjør til å feste i bjørketreet i vestibyla i samfunnshuset.

Sal av fastelavnsris er kan hende det mest sikre teikn på at det er fastelavnstid. I 70 år har sanitetslag selt bjørkeriset, pynta med fjør i alle regnbogens fargar, eit sal som har blitt ei av dei gode inntektskjeldene til organisasjonen.

Det var i 1946 Norske Kvinners Sanitetsforeining innførte fastelavnsriset til Norge. Skikken med fastelavnsris kom frå Sverige og er eigentleg av heidensk opphav. Riset skulle brukast for å vekke til live fruktbarheit hos kvinner, dyr, plantar og tre, i følgje historia.

Sal av fastelavnsris har årleg skaffa rundt 7. mill. kroner til sanitetslag landet rundt. Inntektene går i hovudsak til å støtte forsking for bekjempelse av sjukdomar, men store beløp blir også delt ut som tilskot og helsefremjande tiltak i nærområda til sanitetslaga.

Sunnylven sanitetslag sin fastelavnskafe på laurdag er open mellom kl. 11.30 – 15.00.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380