Sel fastelavnsris

Denne veka sel Sunnylven sanitetslag fastelavnsris. Seljarar er elevar frå Sunnylven skule.
Sunnylven sanitetslag har i år inngått samarbeid med elevane i 8. klasse ved Sunnylven skule om sal av fastelavnsris. Alle kjem til å få besøk av dei ti elevane som går rundt med fanget fullt av fargeglade ris. I alt hundre flotte risbukettar, pynta med fjør skal seljast. For jobben får elevane ein del av inntekta, og det skal gå til finansiering av skuletur til sommaren, har vi fått oss fortalt.
Skulle du ikkje vere heime når dei bankar på, blir det høve til å kjøpe ris på Sanitetslaget sin fastelavnskafe laurdag 6. februar. Kafeen på Sunnylven samfunnshus er open mellom kl. 11.30 – 15.00.