10. juli 2026

Skiskyting på Ålandsleitet

Inger Ringdal Sæter til topps på premiepallen for J16 på Ålandsleite.
Inger Ringdal Sæter til topps på premiepallen for J16 på Ålandsleite.

Inger Ringdal Sæter gjekk fort i løypa og sikra ein ny siger i skiskyting søndag. Også fleire unge skiskyttarar frå Sunnylven IL gjorde det skarpt på Ålandsleite.

Løparar frå Sunnylven IL deltok i skiskyting på Ålandsleite i Nordfjord og fekk fleire fine plasseringar.

Nikoline Frøysa Hellebostad leverte eit flott renn på Ålandsleite med god fart i løypa og 8 treff. Løparar i nybyrjarklassa vert ikkje rangerte på premielista.

Elias Helset gjekk inn til 4. plass i G 11, etter åtte treff og berre to sekund frå ein pallplass.

Sofie Støverstein gjekk inn til ein flott andre plass i J 11, ho skaut også til Ugle etter fullt hus og 10 treff på liten blink.

Lone Ringdal gjikk også i J 11 og vart nr 7 i klassa etter 7 treff.

Johanne Ringdal Sæter kom på 6. plass i J13. På skytinga vart det 3 treff.

Kasper gjekk inn til 4. beste tid i klasse G15. seks sekund frå ei pallplass med 5 treff.

Inger Ringdal Sæter vann i klasse J 16 med 13 sekunds margin ned til nr. 2. Ho hadde 5 treff.

Rennet gjekk under fine ski og skyteforhold.

(Alle foto: Jostein Ringdal)

Kasper Ringdal.
Kasper Ringdal.
Sofie Støverstein fekk seg Ugle etter prikkfri skyting.
Sofie Støverstein fekk seg Ugle etter prikkfri skyting.

Skiskyting 4

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →