Slettene jaktlag overtok i bedriftscupen

Kristian Frøysadal Hauge, til venstre hadde nest beste poengsum i andre runde av bedriftscupen. Her saman med brødrene Ørjan og Isak, klare for Landsskyttarstene i juli i fjor.

Kristian Frøysadal Hauge, til venstre hadde nest beste poengsum i andre runde av bedriftscupen. Her saman med brødrene Ørjan og Isak, klare for Landsskyttarstene i juli i fjor.

I Sunnylven skyttarlag sin bedriftscup sist onsdag overtok Slettene jaktlag leiinga etter to rundar.

Etter god skyting av spesielt unge Kristian Frøysadal Hauge overtok Slettene jaktlag leiinga i bedriftscupen. Laget med Jo Endre Frøysadal, Svein Magne Frøysadal og Kristian Frøysadal Hauge var sju poeng føre Nebbedalen jaktlag i den andre runden. Samanlagt leiar laget med eitt poeng på Nebbedalen jaktlag med Oddmund Fivelstad, Knut Hanssen og Leif Arne Fivelstad.

Ole Ringdal AS 3. som låg på tredje plass ramla ned til 4. plass. Også to reine damelag har gjort det skarpt . Babes med Linn Kammen, Hanne Kvamme og Kirsti Frøysadal Hauge ligg på 8. plass, og Sunnylven omsorgssenter sitt lag som består av Sissel S. Tafjord, Birgitte R. Rørhuus-Øie og Wenche Sollid er så langt nr.9. samanlagt.

Resultat:

Resultat andre skyting.

Resultatliste samanlagt.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380