Søkt om helikopterlandigsløyve

X2 Festivalen søkjer Stranda kommune om bruk av helikopter, mellom anna til Helsetkopen. (Foto frå arkivet 2012)

X2 Festivalen søkjer Stranda kommune om bruk av helikopter, mellom anna til Helsetkopen. (Foto frå arkivet 2012)

X2 Festivalen har søkt Stranda kommune om løyve til landingsløyve for helikopter i samband med konkurransar i Sunnylven nær Hellesylt under X2 Festivalen i april.

X2 Festivalen har utvikla seg til å bli ein møteplass for deltakarar innan friluftsliv og ekstremsport. I sitt 11 år tilbyr festivalen 20 sportsarrangement i Volda, Ørsta, Stranda og Ulstein, heiter det i søknaden til Stranda kommune.

Under festivalen i april vil fire konkurransar foregå i Sunnylven nær Hellesylt, Speedflying, fallskjermhopping, basehopping og Xcreek (elvepadling). Det er lagt opp til bruk av helikopter 15. og 16. april for å frakte deltakarar, arrangementsutstyr, tryggleikspersonell og mediecrew i samband med tre av øvingane.

Basehopping vil foregå frå Helsetkopen, speedflying er avhengig av vindretning på dagen, men kan bli frå Kvitegga, Sætredalsfjellet, Nokkenibba eller Steimsnibba, og fallskjermhopping blir gjennomført frå helikopter over Helset. Den fjerde øvinga, XCreek (elvepadling) foregår i Bygdaelva i Steimsåsane.

X2 Festivalen søkjer Stranda kommune om løyve til bruk av helikopter i inntil 15 løft pr. dag 15. og 16 april mellom kl. 09.00 og 16.00.

– Vi tenker å samarbeide med Hellesylt for å skape ein triveleg arena for våre deltakarar gjennom tre dagar med action og moro. Festivalen bygger ein liten basecamp for deltakarar og publikum. Der vil vi ha ulike telt, PA for informasjonsformidling og musikk, kiosk, toalett, varmetelt, m.m. Vårt håp er at vi samlar både deltakarar, men også publikum frå nær og fjern. Vårt eige mediecrew vil sjølvsagt vere til stades og dokumentere dei mange konkurransane og distribuere dette vidare til våre mediepartnerar, t. d. VG, Sunnmørsposten, Fri Flyt og lokale aviser-, skriv X2 Festivalen i søknaden, underteikna av festivalsjef Eirik Waage.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380