Startar billettsal til kyrkjekonsert

Sunnylven kyrkje]

Arrangøren av kyrkjekonserten med artist Trine Rein under Hellesyltdagane startar billettsalet alt i morgon måndag 8. februar.

Billettar til konsert med Trine Rein og musikarar i Sunnylven kyrkje 8. juli starter alt i morgon måndag 8. februar klokken 08.00. Gå til lenka under og skaff deg billett til eit av sommarens store musikalske høgdepunkt.

https://tikkio.com/tickets/891-trine-rein-sunnylven-kyrkje-2000

Billettpris er: 350 +15 gebyr for vaksne, 200 +10 gebyr for born.

Det blir også høve til å kjøpe billettar på butikkane som tidlegare, melder arrangøren. Meir informasjon om dette kjem seinare.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380