Sunnylven samfunnshus held årsmøte

Sunnylven samfunnshus.

Sunnylven samfunnshus.

Torsdag 25. februar er det årsmøte i Sunnylven Samfunnshus. I tillegg til vanlege årsmøtesaker blir det orientering om utført arbeid på kjøkken og drøfting av regelverk for utleige.

På saklista til årsmøtet er oppført fyljande saker:

  1. Val av ordstyrar, referent og to personar til å skrive under møteboka
  2. Godkjenning av møteinnkalling og vedtak om saklista
  3. Årsmelding for 2015
  4. Rekneskap for 2015 (vert lagt fram i møtet)
  5. Vedtak om framlegget til revidert regelverk for utleige
  6. Val av leiar, styremedlemer, varamedlemmer, ettersynspersonar og valnemnd

Frå Hellesylt ungdomslag er det innmeldt ei sak angåande ordninga med reinhald.

Det blir utlodding, kaffi og kaker, og heilt til slutt kåserer forfattar Astor Furseth om «Funn i fjella som endra historia». Les meir her: http://www.hellesylt.info/2016/01/forfattar-astor-furseth-til-hellesylt/

Sjå også aktivitetskalendar.

Vi tek med årsmeldinga for 2015 frå Sunnylven samfunnshus som blir lagt fram på årsmøtet:

Styret

Styret har hatt slik samansetjing i 2015:

  • Leiar                             : Inge Bjørdal
  • Nestleiar                     : Bjørn Tryggestad
  • Kasserar                      : Annvor Tryggestad
  • Skrivar                         : Ole Aasen
  • Styremedlem           : Magnar Hauge

    Det har vore halde 8 styremøte, og det er handsama 18 saker.

  • Renovering av kjøkkenet   I etterkant av årsmøtet vart det ordna med registrering i Einingsregisteret. Dette er eit krav frå myndigheitene til alle føretak med kjøp og sal av tenester. Namnet er Sunnylven samfunnshus, og organisasjonsforma er «foreining/lag/innretning». Organisasjons-nummeret er: 915 520 294. Dette betyr at vi også kan registrere oss under den såkalla «grasrotandelen» i Norsk Tipping AS.Utleigereglement I følgje den nye avtalen som er vedteken i kommunestyret (KOM- 065/15) skal Stranda kommune står for det ytre vedlikehaldet, Sunnylven samfunnshus for det indre. Det har vore halde synfaring med kommunalsjef for plan og utvikling og entreprenørar der ein vurderte tiltak m.o.t. taklekkasjane. Særleg er det ille på toaletta og i vestibylen.  Desse skadane er framleis ikkje reparerte. Stranda kommune må setje av midlar på budsjettet til dette arbeidet. Vi må håpe dette løyser seg i 2016.
  • Manglande ytre vedlikehald av huset
  • Reglane for utleige som vart vedtekne på siste årsmøte ser vi no har ein del svake sider, m.a. det som går på vask der vi har innført leige av vaskehjelp. Regelverket bør reviderast, presiserast og kunngjerast på nytt
  • Registrering i BrønnøysundregisteretI etterkant av årsmøtet vart det ordna med registrering i Einingsregisteret. Dette er eit krav frå myndigheitene til alle føretak med kjøp og sal av tenester. Namnet er Sunnylven samfunnshus, og organisasjonsforma er «foreining/lag/innretning». Organisasjons-nummeret er: 915 520 294. Dette betyr at vi også kan registrere oss under den såkalla «grasrotandelen» i Norsk Tipping AS.

    Utleigereglement

    Reglane for utleige som vart vedtekne på siste årsmøte ser vi no har ein del svake sider, m.a. det som går på vask der vi har innført leige av vaskehjelp. Regelverket bør reviderast, presiserast og kunngjerast på nytt.

     Manglande ytre vedlikehald av huset

    I følgje den nye avtalen som er vedteken i kommunestyret (KOM- 065/15) skal Stranda kommune står for det ytre vedlikehaldet, Sunnylven samfunnshus for det indre.

    Det har vore halde synfaring med kommunalsjef for plan og utvikling og entreprenørar der ein vurderte tiltak m.o.t. taklekkasjane. Særleg er det ille på toaletta og i vestibylen. Desse skadane er framleis ikkje reparerte. Stranda kommune må setje av midlar på budsjettet til dette arbeidet. Vi må håpe dette løyser seg i 2016.

     

     

     

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380