Sunnylvingar vil sjå mot sør
Torsdag heldt Stranda kommune folkemøte på Hellesylt der tema var kommunereforma. Vel tretti personar møtte fram for å bli orientert av ordførar Jan Ove Tryggestad og assisterande rådmann Kjartan Lied om det siste i arbeidet.
Om Stranda kommune skal slå seg saman med andre bør det vere mot sør. Det vart konklusjonen om ein legg til grunn uttalane til dei som tok ordet på folkemøtet på Hellesylt.
Assisterande rådmann Kjartan Lied opna møtet. Ordet reform betydde –ei endring til noko betre. Det har blitt mange reformer dei siste åra, og kommunereforma var den største der staten flyttar oppgåver over til kommunane.
Stranda kommunestyre har gjort vedtak om å gå i forhandlingar om samanslåing med nærliggjande kommunar, både Norddal og Sykkylven. Det er blitt halde møter, men konkrete resultat var ikkje klare. Det må det bli innan 20. mars, for då skal resultatet av forhandlingane bli lagt fram til høyring før konklusjonen skal vere fylkesmannen i hende før utgangen av juni.
Mange framandarbeidarar
Lied viste fleire tabellar for inntektsutvikling ved samanslåing av kommunar. Inntektssystemet som er laga skal gjere det lønsamt å slå seg saman til større einingar. Andre statestikkar viste at folketalet i Stranda har hatt ein svak vekst dei siste åra, noko som kom av at kommunen i dag har 700 framandarbeidarar. Sunnylven er av bygdelaga i kommunen som har hatt ein stor nedgang i folketalet, og som i hovedsak skuldast at sysselsette i jordbruket har gått ned. I heile Stranda utgjer yrkesaktive i jordbruket berre fem prosent.
Forhandlar med Sykkylven og Norddal
Stranda har hatt møter med Sykkylven og skal ha møte med Norddal, sa ordførar Jan Ove Tryggestad som presiserte at han forhandla om samanslåing for ei samla kommune. Det har blitt framstilt som deler av kommunen ville lausrive seg frå Stranda for samanslåing med andre. Det var ikkje korrekt og ikkje aktuelt.
Han såg dei to nemde kommunane, Sykkylven og Norddal som mest naturleg å forhandle med. – Så får vi sjå kva resultat vi kan legge fram når det nærmar seg påske, sa ordføraren. Han visste at også andre alternativ var lansert og sikta då til både Hornindal, Stryn, Volda og Ørsta. Ei samanslåing over fylkesgrensa var meir krevjande. –Skal vi flytte fylkesgrensa kjem vi langt inn i 2017, og det vil bli ei kommune med store reiseavstandar både i lengde og tid, sa han.
Samanslåing mot sør
Fleire av dei frammøtte uttala seg om ny kommunestruktur, og det vart stilt spørsmål om forskjellen på interkommunalt samarbeid og samanslåing av kommunar. Det som kom klarast fram på møtet var at fleire ville sjå på samanslåing mot Nordfjord/Volda og Ørsta.
John Langeland hadde lenge meint at Stranda var bra nok som kommune åleine, men såg også fordeler med å slå seg saman til ei storkommune med Hornindal, Stryn, Volda og Ørsta. Der var gode servicetilbod, høgskular, sjukehus og arbeidsplassar som lett kunne nåast etter at Kvivsvegen kom. Også fleire andre støtta det som fekk nemninga «Øvsthaugmodellen» sjølv om den berørte eit anna fylke og ville ta lenger tid å få realisert.
Nye folkemøte
Ordføra Jan Ove Tryggestad gjentok at han ville forhandle med andre på vegne av ei samla Stranda kommune. Han var ikkje avvisande til noko alternativ, også nullalternativet, å framleis stå åleine måtte utgreiast.
-Stranda kommune kjem tilbake med minst eitt nytt folkemøte der forhandlingsresultata blir lagde fram. Det kan også bli aktuelt med rådgjevande folkeavrøysting der maksimalt to alternativ blir lagde fram. Kanskje blir resultatet at vi ikkje kan anbefale samanslåing med nokon, sa ordførar Tryggestad.