LokalnyttLokalsport

To topplassar i KM skiskyting

Elias Helset og Inger Ringdal Sæter vann begge sine klasser under fyrste dag av KM i skiskyting
Elias Helset og Inger Ringdal Sæter vann begge sine klasser under fyrste dag av KM i skiskyting. (Foto: Randi Sæter)

Elias Helset og Inger Ringdal Sæter, begge Sunnylven IL vann begge sine klasser under KM i skiskyting, normal på laurdag. Stårheim IL er arrangør.

Elias Helset gjekk i mål til 1. plass i klasse 11 år under KM etter flott skyting med 9 treff.

Inger Ringdal Sæter vart krinsmeister i jenter 16 år, og Kasper Ringdal i gutar 15 år kom på 5. plass. Vi har ikkje offisielle resultatlister frå konkurransen enno.

Laurdag 13. februar var normaldistanse med 30 sek. tillegg for kvar bom i skyting. På søndag held KM fram med fellesstart, sprint

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380