
Kristine Hjellbakk Hole slo til med eit kjempeløp i Ungdommens Holmenkollrenn søndag. Det vart delt 9. plass i fristil, 34 sekund bak vinnare.
Kristine Hjellbakk Hole var einaste deltakar frå Sunnylven IL under UHR i Oslo. Ho deltek i klasse J14, ei klasse som talde 162 løparar til mål. Under tunge forhold og i tøffe løyper vart det 60-plass på klassisk laurdag. Men det var berre sekund mellom løparane, om lag halvminuttet fram til nr. 20 så løpet var ein sterk prestasjon.
I toppen søndag
På fristil søndag gjekk det mykje betre. Her kom Kristine i mål til delt 9. plass og der ho gjekk seg fram to, tre plassar heilt på slutten. Eit kjempeløp i VM-løypene i Holmenkollen på ein dag med nokre få minusgrader og solglimt. Niande-plassen vart ny bestenotering i Holmenkollen, seks plassar betre enn i fjor.
Frå Møre og Romsdal deltok også Guro Eline Vollan, Tomrefjord IL i J14. Ho vart nr. 49 på klassisk laurdag og nr. 68. i fristil på søndag.