Lokalnytt

Trur på bankkontora

Torsdag 11. februar var det Havlanddagar i Sparebanken Møre på Hellesylt. Der fekkTare mange beundrerar.
Torsdag 11. februar var det Havlanddagar i Sparebanken Møre på Hellesylt. Der fekk Tare mange beundrerar.

Bankkontora vil framleis vere ein sentral møteplass mellom oss og kundane våre. Det seier banksjef Stig Tryggestad i Sparebanken Møre på Hellesylt.

Dei siste dagane har framtida til norske bankkontor vore gjenstand for heftig debatt i media. Sparebanken Møre er den største banken i Møre og Romsdal og har i dag 30 kontor rundt i fylket. Dei tilsette har derfor følgt diskusjonen med stor interesse.

– Det er ikkje tvil om at vi heile tida må tilpasse oss både kundane sine behov og samfunnsutviklinga elles. Dei som ikkje heng med i den digitale utviklinga, er heller ikkje konkurransedyktige. For oss handlar det ikkje om enten eller – men både og, seier Tryggestad.

Lokalkunnskap

Sparebanken Møre har nettopp lagt fram sitt foreløpige årsresultat for 2015. Dette viser at kontora framleis er lønsame for banken. Talet på kontor har halde seg stabilt dei siste åra, og Tryggestad fortel at kontora vil spele ein sentral rolle i banken sin strategi også dei komande åra.

– Kontora i lokalsamfunna er sjølve hjertet til Sparebanken Møre. Det er her vi byggjer kunnskap og relasjonar til både menneske, samfunn og næringsliv. Dette er kunnskap vi brukar til det beste for kundane våre, men som vi ville misse om vi ikkje var fysisk til stades.

Han understrekar at banken kontinuerleg utviklar digitale løysingar med fullt driv, og at tenestane er fullt på høgde med dei større bankane. Det blir brukt store ressursar på å leggje til rette for at kundane skal kunne bruke banken på den måten dei sjølve ønskjer.

Menneskelig kontakt

– Vi opplever at svært mange er positive til å ta i bruk nye og sjølvbetente løysingar. Men kvar einaste dag opplever vi også at mange ønskjer å snakke med rådgjevaren sin, særleg når dei skal ta viktige økonomiske val. Ulike behov krev ulike tilnærmingsmåtar.

Tryggestad er også godt kjend med at det ikkje er alle som er trygge på ny teknologi. Dei tilsette ved kontoret tilbyr derfor rettleiing i bruk av digitale løysingar til alle som ønskjer det. Det er ei prioritert oppgåve for banken å behalde bankvertar i kundemottaket, som sørgjer for at alle som kjem innom får den hjelpa dei har behov for.

– Teknologien skal ikkje konkurrere med menneskeleg kontakt. Teknologien skal bidra til løysingar som er viktige supplement. Vi skal vere tilgjengelige for kundane våre – uavhengig av om dei er på nett eller ikkje, slår Stig Tryggestad fast.

Under Havlanddagane på Hellesylt hadde Annvor Tryggestad besøk av mange unge som skulle setje inn sparepengane sine. hadde ei
Under Havlanddagane på Hellesylt hadde Annvor Tryggestad besøk av mange unge som skulle setje inn sparepengane sine.

 

 

 

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380