Uroar rovfuglar med helikopterflyging

Flyge 1

-Når nye brukarar av norske fjell ønskjer å finne sin plass, er det viktig at dei som er der frå før framleis får vere der.

Slik innleiar Naturvernforbundet i Møre og Romsdal sin uttale til Stranda kommune på søknaden frå X2 Festivalen på helikopterløyve. Som hellesylt.info har meldt tidlegare blir fleire av ekstremsportkonkurransane til X2 Festivalen arrangert i Sunnylven 15. til 17. april. I den samanheng ønskjer arrangøren å nytte helikopter til transport til fjelltoppar av deltakarar, filmteam og sikkerheitsfolk.

Naturvernforbundet skriv at rovfuglar er veldig sårbare i tida då konkurransane skal foregå, og ynskjer ikkje flyging av folk med og utan rotor.

Det finst dessutan nokre som brukar fjella på anna vis enn dei som arrangerer X2, står det å lese i uttalen. Det blir peika på at Stadheimsnibba og Kvitegga er toppar som blir mykje bruka til toppturaktivitet. Det heiter vidare at dei tre andre fjella, (Helsetkopen, Nokkenibba, Ringdalsfjellet) er mindre bruka som følgje av mellom anna rasfare.

Naturvernforbundet går ikkje klart imot søknaden om bruk av helikopter, men ber om at det blir sett krav om at flyginga blir avgrensa så mykje som mogeleg og at ein unngår unødig lågtflyging.

–Det er elles positivt at søknaden kjem ein del veker før flyginga er planlagt, heiter det til slutt i uttalen frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal, underteikna av leiar Øystein Folden.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380