Lokalnytt

Var på skulebesøk

Desse fem er klare for fyrste klasse ved Sunnylven skule til hausten
Desse fem er klare for fyrste klasse ved Sunnylven skule til hausten

For eit par veker sidan var neste års fyrste klasse på besøk til Sunnylven skule. Ein kjekke dag og no gleda dei seg til skulestart.

Til hausten startar fem elevar i fyrste klasse ved Sunnylven skule. For litt sidan var Tora, Mathias, Elias, June og Kristine som går i Sunnylven Barnehage ein tur til skulen saman med styrar Hilde Langlo Brekke for å bli litt meir kjende før fyrste skuledag til hausten.

Som andre skuleborn tok dei skulebussen både frå barnehagen og tilbake etter at skulebesøket var over. Ved Sunnylven skule vart dei møtt av lærarar og elevane i 9. klasse som viste rundt. Det såg på mykje i det store bygget, var innom både symjehallen, og gymmsalen der det vart mykje leik før servering av påsmurde rundstykke.

Dei fekk også sjå det som blir deira klasserom frå hausten av og dei var med på uteskule med mellom anna bygging av lavvoar. Det vart ein dag med mykje læring, men sjølvsagt også med friminutt inn i mellom.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380