Vidare i Ungdomens kulturmønstring

"Kristine og Gutane" er vidare i UKM til fylkesfinalen i Aure 15. - 17. april.

«Kristine og Gutane» er vidare i UKM til fylkesfinalen i Aure 15. – 17. april. (Foto: Trond Otto Berg)

Også Sunnylven var representert under Ungdommens kulturmønstring i Storfjord kulturhus søndag 7. februar.

Ei gruppe felejenter, Hanne Kjellstad, Sigrid Imilie Førde Røyrhus og Andrea Kjellstad spela slåtten «Polkatrollet under UKM på Stranda, og «Kristine og Gutane» med Kristine Hjellbakk Hole gitar og song, Loke Kjellstadli slagverk og Simen Frøysa Hellebostad piano, framførte Morten Abel sin «Frøken Vilikke».

-UMK-juryen har vurdert alle innslaga på Stranda og kome fram til at seks av innslaga skal representere Stranda under fylkesmønstringa i Aure 15. – 17. april, skriv rektor ved Stranda kulturskule Trond Otto Berg.

Mellom dei er Kristine (13år) og gutane Loke (13 år) og Simen (13 år)som deltok i kategori Band under Sceneinnslag. Vi gratulerer så mykje og ønskjer dei lukke til.

Dei andre som representerer Stranda er:

Sceneinnslag:

Olai Eide Stavseng (12 år) Liabygda, (Trøtrial, Sykkeltriksing)

Silje Westerås (16 år) Geiranger, Solo song, «Heal» av Tom Odell

Kunst:

Ema Sedyte, Stranda, Teikning – «Freedom»

Sunniva Vangen, Stranda, Scrapbooking – «Bursdagskort»

Arrangør:

Idun Eide Stavseng (15) Liabygda

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380