Lokalnytt

Vil leige ut pizzarestaurant

Spesielt i sommarhalvåret har Øcal`s, som ligg i sentrum av Hellesylt mange gjestar.
Spesielt i sommarhalvåret har Øcal`s, som ligg i sentrum av Hellesylt mange gjestar.

Eigarane av Øcal pizzarestaurant på Hellesylt ynskjer å leige ut restaurant og inventar frå 1. september.

Meir tid til ny og større satsing innan anna turisme på Hellesylt er årsaka til at eigarane av Øcal pizzarestaurant på Hellesylt vil leige ut verksemda frå 1. september i år. Leigetida må vere på årsbasis og gjerne over fleire år, seier Ramazan Øcal som har drive den populære pizzarestauranten saman med far sin dei siste åra. Tahir Øcal starta opp verksemda i 2000.

Restauranten som ligg sentralt til ved den kjente Hellesyltfossen har opparbeidd seg eit godt rykte i lokalmiljøet og mellom kafégjester, noko dei rundt tretti variantane av Øcal-pizza har bidrege sterkt til. Også anna god norsk tradisjonsmat er blitt servert.

At eigarane ynskjer å leige ut verksemda skuldast ikkje redusert omsetning eller inntening. Ramazan Øcal seier at han vil ha meir tid til å satse på anna verksemd innan turisme i bygda. Å drive pizzarestauranten tek mykje tid så difor får han ikkje gjort det andre han har planar om. Og Tahir Øcal synest det kan vere fint å få litt meir fritid.

Om dei rette drivarane dukkar opp vil dei overlate drifta frå 1. september. At restauranten blir driven på ein ryddig og god måte er ei føresetnad for å inngå leigeavtale, seier eigarane.

Øcal pizzarestaurant er på 90 kvadratmeter pluss kjøkken og toalett inne, og har eit uteareal med utsikt til sentrum, fjorden og Hellesylt kai på 70 kvadratmeter.

Interesserte kan vende seg til Ramazan Øcal, mob. 941 35 096, eller på e-post: ram_zan89@hotmail.com

Øcal 2

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380