LokalsportNotiser

Alle i mål på Birken

Godt nøgde Birkebeinarar, frå venstre Gisle, Anniken, Hans Kristian. (Foto: Hans Hole)
Godt nøgde Birkebeinarar, frå venstre Gisle, Anniken, Hans Kristian. (Foto: Hans Hole)

Alle tre deltakarar frå Sunnylven IL kom godt til mål og gjekk klart under merkekravet i Birkebeinerrennet 2016.

Anniken Hjellbakk Hole gjekk inn til 5. merke, men ikkje til personleg bestetid i år. Laurdag fekk ho sluttid 3.28.04 og kom på 8. plass i klasse kvinner 25 – 29 år. Bestetid frå før har ho frå 2012 på 3.12.44.

Hans Kristian Stadheim fullførte rennet på 3.04.59 og til 11. merke. Han hadde nær 50 minutt margin til merkekravet. Han vart nr. 48. i menn 30 – 34 år, der Petter Eliassen vann på 2.27.34,7 som var tredje beste tid i årets Birkebeinerrenn, etter John Kristian Dahl og Anders Aukland.

Gisle Aaland i menn 55 – 59 år sikra seg sitt andre birkenmerke med 154. plass og sluttid 3.50.52. Ei god tid på ikkje alt for skarpt føre.

Det var ikkje rekordforhold i Birken denne gongen. 2.19.28 i fjor var åtte minutt raskare enn John Kristian Dahl si vinnartid (2.27.34)laurdag 19. mars.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380