Attval i Venneforeninga
Heile styret tok attval på årsmøte i Venneforeninga for Hellesylt Bygdetun måndag. Hilde Langlo Brekke hadde sagt frå seg attval som 1. varamedlem, og ny var Ragnhild Tryggestad.
Styret har «flat struktur» og er; Kontaktperson Marit Ljøen, sekretær Eldrid Skrede, kasserar Odd Jostein Bjørdal, styremedlemer Arne Ringdal og Astrid Langeland.
1.varamedlem; Ragnhild Tryggestad. 2.varamedlem; Ruth Hole Aaland.
Revisor: Roger Tryggestad.
Medlemskontingenten for 2017 vart vedteken uendra, kr. 100.-
Odd Jostein Bjørdal og Arne Ringdal er Venneforeninga sine representantar i styret for stiftinga Hellesylt Bygdetun som elles består av Jan Ove Tryggestad, Arild Ringdal og Ingebjørg S. Fivelstad.
Venneforeninga for Hellesylt Bygdetun har 133 medlemer, men berre sju møtte på årsmøtet måndag.