Auksjon og kaffistund

Heimen A

Denne veka inviterte aktivitør Jorun Trøen og pårørandegruppa til kaffistund med auksjon på Sunnylven omsorgssenter.

Foto: Jan Erik Øksvang

Det var godt frammøte i daglegstova på omsorgssenteret då det var auksjon av gjenstandar som bebuarar hadde laga. Kjøpelysta var god så i løpet av kort tid hadde gevinstane fått sine eigarar.

Inntekta frå tiltaket går til kjøp av nytt materiell for laging av nye gevinstar og utlodding. Og med servering av kaffi og kaker under vegs vart det ei triveleg ettermiddagsstund ved Sunnylven omsorgssenter.

Heimen B

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380