Avskuttar skiskyttarsesongen i Hyttehola

Skiskyttarsesongen blir avslutta med renn i Hyttehola laurdag.

Skiskyttarsesongen blir avslutta med renn i Hyttehola laurdag.

Laurdag 19. mars går siste skiskyttarrenn for sesongen i Hyttehola. Rundt hundre er påmelde tre dagar før rennstart, melder arrangøren.

Laurdag står skiskyttargruppa i Sunnylven IL som arrangør av krinscupfinale i skiskyting i Hyttehola. Det er venta rundt hundre løparar frå Nordfjord og Sunnmøre til rennet som startar kl. 13.00.

Arrangørklubben stiller med fleire løparar i det siste rennet denne vinteren. Inger Ringdal Sæter i J16 er vel av dei sikraste heimekorta, og i yngre klasser har både Elias Helset, Nikoline Frøysa Hellebostad og Johanne Ringdal Sæter gjort det godt.

Verutsiktene for laurdag er brukbare, og snøforholda framleis gode i Hyttehola. For to veker sidan var det krinsrenn på same stad og tilbakemeldingar til arrangør og løypemannskap var fulle av skryt. Også denne gongen blir det nok topp forhold for løparane i skiskyttaranlegget i Hyttehola.

Møt opp på krinscupavslutning og sjå «nye» Johannes Thingnes Bø, eller Tiril Eckhoff skyte blinkane kvite og gå fort i løypene i Hyttehola laurdag.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380