LokalnyttLokalsport

Best i sine klasser i SBM-Cupen

Det har blitt mange duellar med sekundstrid mellom Guro Eline Vollan til høgre og Kristine Hjellbakk Hole i vinter. Her under premieutdeling etter SBM Cup-renn i Stordal.
Det har blitt mange duellar med sekundstrid mellom Guro Eline Vollan til høgre og Kristine Hjellbakk Hole i vinter. Her under premieutdeling etter SBM Cup-renn i Stordal.

Kristine Hjellbakk Hole og Anniken Hjellbakk Hole blir vinnarar av sine klasser samanlagt i Sparebanken Møre Cup 2016.

To av dei siste renna i Sparebanken Møre Cup vart avikla denne helga med Osmarka IL og Vistdal IL laurdag og søndag som arrangørar. Frå Sunnylven IL deltok Kristine Hjellbakk Hole begge renna, medan Anniken Hjellbakk Hole stilte til start laurdag. Begge vann klart sine klasser.

I det 9. SBM-rennet i Torvikbukt var Kristine Hjellbakk Hole 23.0 sek føre Guro Eline Vollan, Tomrefjord IL i J14. I damer senior var Anniken Hjellbakk Hole einaste deltakar og kom i mål etter 5.0 km. på 12.49. Samanlagt i Sparebanken Møre har begge sikra seg sigeren i sine klasser.

Tiande cuprenn på Vistdalsheia.

Søndag arrangerte Vistdal IL det 10. SBM-rennet på Vistdalsheia. På nytt vart det ein duell mellom Kristine Hjellbakk Hole og Guro Eline Vollan på 3.0 km. klassisk i J14. Også denne gongen gjekk sigeren til sunnylvenjenta, 10.0 sek før sin skarpe konkurrent frå Tomrefjord IL.

Det har blitt mange duellar i sporet mellom Kristine og Guro, to gode konkurrentar der Kristine har gått sigrande ut av dei fleste. Vi håper begge talenta satsar vidare og at det til neste vinter blir ny spanande kniving å følgje med på.

Siste renn og finale i Sparebanken Møre Cup 2016 er ved Skaret skisenter, Molde søndag 10. april.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380