Beste norske maratondame i Roma
Kari-Anne Tryggestad Ryste, Sunnylven IL sprang halvmaraton i Roma 13. mars der ho vart beste norske deltakar i kvinneklassa.
Under Roma-Ostia halvmaraton vart det ein ny, sterk prestasjon av Kari-Anne Tryggestad Ryste. Med tida 1.37.39 kom ho på 24. plass av 440 i klasse 45-49 år, eller 125. totalt av 2100 dameløparar. Ingen norske damer gjorde unna halvmaraton (21.1 km.) raskare enn Kari-Anne denne gongen. Det var ei tung løype, men ho er fornøgd med både tida og plasseringa.
Det var nesten for kort med halvmaraton, fleipa ho. I september i fjor sprang ho Oslo maraton og kom på 3. plass i si klasse, og i oktober var det Amsterdam maraton som gjekk unna på 3.33.0.
No blir det pause i konkurransane fram til mai og Ålesund maraton. Om det blir heil eller halv distanse der har ho ikkje bestemt seg på enno. Men i juni er det Geiranger og det 21. km lange nibbeløpet frå Geiranger sentrum til Dalsnibba, eit motbakkeløp ho vann suverent i si klasse i fjor på 2.21.32. Sterke saker.