Lokalnytt

Bygdetunvenner held årsmøte

Hellesylt Bygdetun
Hellesylt Bygdetun

Måndag 14. mars er det årsmøte i Venneforeininga for Hellesylt Bygdetun.

Venneforeininga i Hellesylt Bygdetun har 133 medlemer. Måndag kan dei samle seg i «nyehuset» i bygdetunet til årsmøte og behandling av vanlege årsmøtesaker. Venneforeininga arrangerer kulturelle samlingar i museumstunet i Lillegjerdet ved Ringdal, men driv også stell av hus og tun, kan ein lese frå årsmeldinga.

Olsokstemne og nissefest på låven, begge med program og servering av rjomegraut har blir årvisse samlinga med godt frammøte. At ein nissefamilie brukar å dukke opp på låven under arrangementet før jul er ekstra stas.

Venneforeininga lånte pengar til Stiftinga Hellesylt Bygdetun som hadde ein vanskeleg økonomisk periode, men no er desse låna betalt tilbake, står det å lese i årsmeldinga. Stiftinga ønska å overdrage eigedom og drift til Venneforeininga, men drøftingar med eigaren Stranda kommune førte ikkje fram til semje.

Årsmøtet i Venneforeininga for Hellesylt Bygdetun blir halde i «nyehuset». Etter den formelle delen, vil Arne Ringdal vise nokre fotografi og fortelje til med tittelen «Frå Shell til Kurlå».

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380