Dag Stadheim ny styreleiar i Peer Gynt Galleriet AS
På generalforsamling i Peer Gynt Galleriet AS vart Dag Stadheim valt til ny styreleiar, etter Jan Sebjørnsen Storstein som ikkje ynskte attval.
Det hadde vore eit vanskeleg arbeid å få på plass eit styre og spesielt ny styreleiar i Peer Gynt Galleriet, sa leiar i valnemnda Ole Arnstein Ringdal. Det var ringt til mange og til sist heilt til Oslo for å finne styreleiar. Dag Stadheim jobbar i advokatfirma Stadheim Vollen Parelius DA. Han har nære slektsband til Sunnylven, ei «heimegrend» han besøkjer ofte både høgt og lavt.
Både Jan Sebjørnsen Storstein og Lena Parr var på val i styret. Begge tok attval. Styret for Peer Gynt Galleriet AS vart;
Styreleiar: Dag Stadheim.
Styremedlemer: Lena Parr (1 år), Jan Sebjørnsen Storstein (1 år), Randi Ansok (ikkje på val), Arild Ringdal (ikkje på val).
Valnemnd: Ole Arnstein Ringdal, Åse Elin Hole (begge for 1 år)
Fekk synleg takk
Avtroppande styreleiar Jan Sebjørnsen Storstein fekk mykje ros for arbeidet han har lagt ned i selskapet det siste året. På generalforsamlinga kunne han motta både gåve og blomster, Knut O.K. Hole hadde med og overrekte ein utskoren «Viking», og frå resten av styret kom det vakre blomar.
-Jan har gjort så mykje for bedrifta, både gjennom styreleiarjobben og fysisk i skrubben på kjøkkenet og bak salsdisken, sa Randi Ansok mellom anna. Storstein takka for gode ord og gåver. Han sa det hadde vore ei glede å jobbe i styret i Peer Gynt Galleriet og med saker i ei bedrift som ligg hjartet så nær.
På rett veg
På generalforsamlinga var 19 aksjonærar til stades og representerte 1031 aksjar. Det vart lagt fram årsberetning og rekneskap for 2015 som begge vart samrøystes vedtekne utan merknader.
Jan Sebjørnsen Storstein som la fram årsberetning og rekneskap sa at drifta er på rett veg. Det var overskot for 2015, noko som skuldast sal av eigedom og relieffbilete. Ser ein bak tala er det framleis raudt. Positivt var det likevel at omsetninga auka med 200.000.- i fjor utan auka varekostnader. Også lønnsutgiftene gjekk ned med 100.000.-, sa Storstein.
Jobba for samarbeid
Den avtroppande styreleiaren var klar på at besøkstala måtte opp. Han fortalde at det vart jobba på mange felt, eit tettare samarbeid med Fjordsenteret i Geiranger, med ferjeselskapet The Fjords, og med Peer Gynt på Gålå. Per Gynt Galleriet på Hellesylt er stoppestad på den nye turistruta «I Grieg og Ibsen sine fotspor» som startar i Bergen og ender i Ålesund. Informasjon om ruta ligg på www.visitnorway.no. Storstein håpa at også kunst –og kulturgruppa kunne få til inntektsgjevande arrangement.
Monica Rødven held fram som dagleg ved Peer Gynt Galleriet. Sesongen ved kunst og kultursenteret på Hellesylt opnar 1. mai.